Rein Alexander til Tysnesfest

Publisert av:
28/2/2013 08:01

Gerhard Alsaker har tatt kostnadane med sjukeheimskonserten, og me vonar bebuarane på sjukeheimen får ei minnerik oppleving. Me er særs glad for at me får vidareført denne tradisjonen! 

Song og musikk stod sentralt i Rein Alexander sin oppvekst, og hans profesjonelle karriere har vore ein naturleg progresjon av hans lidenskap for musikk.

Allereie som Sølvgut, i NRK sitt gutekor, tok songen han rundt i heile Norge og verda elles. I dag er han ein skulert og sjølvlært, rutinert formidlar og tolkar av mange musikalske stilartar,- og som han sjølv seier, prøver han hele tida å utfordra seg sjølv, noko han meiner er nøkkelen til alltid å ville synge meir. 

Norge, USA, Island, London, Italia og Sverige er stader han har kalla heime, både som student og profesjonell. Utmerkingar ved skular som Royal Academy of Music, og The Reykjavik academy of Singing and Vocal Arts, og ikkje minst det norske folks klare tale i TV- konkurransen Kjempesjansen 2003, har vore eit godt fundament for vidare utvikling og dedikasjon. 

Rein Alexander har sunge svært mange konsertar og gjort fleire hundre opptredenar for norsk næringsliv og private arrangørar. Av sceniske roller kan ein nemna Jean Valjean i Les Miserables, Anatoly i Chess, Terje Vigen, Anton Fugger i Which witch, m.fl. Han har selt meir enn 100 000 album.