Publisert av:
1/9/2009 18:53
Pris til Knut Lande
Juryen si begrunning for tildelinga er at Lande er kompromisslaus i spørsmål om sikkerheit. Han er også ein aktiv støttespelar for Solakonferansen.
Knut Lande er frå Lande i Våge. Han byrja luftfartskarrieren sin med mekanikerutdanning i Luftforsvaret i 1957. I 25 år var han i Forsvaret (dei siste åra som testflygar), før han gjekk over til sivil luftfart og Helikopter Service.
Sjølv om Lande inntok pensjonistane sine rekkjer for ti år sidan, forlot han ikkje luftfarten av den grunn. Han vart havariinspektør i Havarikommisjonen, og parallelt med dette har han vore ein aktiv privatflygar.
Det er Stavanger Aftenblad som melder dette.