Publisert av: May Britt Meland
7/4/2019 17:10
Politiet inviterer føresette 8.-10. trinn til informasjonskveld
Onsdag 10. april held Vest politidistrikt informasjonskveld for føresette på ungdomstrinnet på Tysnes skule. Møtet er eit førebyggjande tilbod til føresette frå Vest politidistrikt, og er arrangert på deira initiativ.
Politiet ynskjer å halde eit foredrag der dei snakkar om utfordringar knyta til alkohol, rus, nett og trafikk. Dei meiner det er viktig å få gitt info til dei føresette og svare på spørsmål dei kan ha knyta opp mot utfordringane som mange ofte opplever i ungdomstida.
Vest politidistrikt er svært glade for å få koma, og for at dette skal ha størst mogleg effekt ynskjer me at flest mogleg deltek på møtet, opplyser Kari Pettersen, rektor ved Tysnes skule. Lærarar ved skulen kjem også til å delta på dette møtet.
Tysnes skule, onsdag 10. april i musikkrommet/gamle gymsalen kl. 18.30-19.30.