Publisert av: Martha Nygård Lande
16/2/2020 13:03
Pernilla Epland greidde EM kravet
Stord Friidrett melder på si Facebookside at Pernilla i dag sprang Barcelona halvmaraton, og kom inn til tida 1.13.10, noko som er godt under sommarens EM krav på 1.13.30.
Tida er også ein solid forbetring av hennar personlege rekord og klubbrekord, som var på 1.14.34 frå 2018.
Ho disponerte løpet meget bra med passering 17.14 på 5 km, 34.29 på 10 km, 51.55 på 15 km og 1.09.36 på 20 km før en god spurt, som vanleg. Heile vegen holdt ho følge med Vienna Dahle fra Skjalg, som også klarte EM kravet med tida1.13.19.
Tekst og foto er henta frå Stord Friidrett si Facebookside.