Publisert av:
11/3/2009 21:34
Pengar inn
Grasrotandelen har vore i virke i om lag halvannan veke der dei som spelar gjennom Norsk Tipping sjølv kan velja kven som skal få fem prosent av innsatsen.
Til no har fire av seks registrerte lag fått inn 5541 kroner. Det fordeler seg slik:
– Njardar/Tysnes 4084 kroner blant 28 tipparar
– Onarheim Idrettslag 773 kroner blant 13 tipparar
– Njord/Tysnes 56 kroner blant 2 tipparar
– Tysnes skulekorps 628 kroner blant 7 tipparar
Tysnes musikklag og Tysnes skyttarlag er også oppført under Grasrotandelen, men på dei er det enno ikkje registrert noko.