Publisert av: May Britt Meland
29/3/2023 20:49
Påskeeggjakt med Barnas Turlag
Fyrstkomande laurdag skal Barnas Turlag til Nesse gard igjen! Har påskeharen vore der, og kjem me til å finna egg?
Uansett blir det tur langs Hakkebakkestien, leik på den kjempeflotte eventyrleikeplassen, og så vert det tennt i bålpanna.
Ta med eigen mat de vil varme på grillen, samt drikke og klær etter været.
Påmelding til Karianne på 951 71 797
( Påskeharen må vita kor mange barn som kjem.)
Stien er ikkje barnevognvennlig, men det går fint an å bære dei minste i meis eller sele.
Laurdag 1. April kl 11:00 – 14:00