Parteringskurs
24/7/2014 05:41
Me har vore heldig å fått Johan Trygve Solheim, frå Norsk hjortesenter på Svanøy, til å halda kurset.
Johan Trygve har mykje kunnskap om behandling og bruk av hjortekjøtt og på dette kurset vil ein ikkje berre lære grov parteringa, men me vil få læra partering ned til stykkningsdeler som er klar til tilberedning. Og han gir òg mange gode idèar på korleis kjøttet kan brukast. Hjorten er mykje meir enn hjortasteik og kjøttdeig.
Sjølv om det på kurset vert fokus på hjort, vil du ha stort uttbytte av kurset sjølv om det er mest sau/lam du parterar.
Kurset er er egna både for nybegynnara som vil læra det grunnleggjande og for den erfarne som ynskjer å perfeksjonera seg.
Kurset varer ca 6 timar + lunchpause.
Kursprisen er ikkje heilt fastlagt enno, men vil truleg bli mellom kr 2500 – 3000 pr deltakar.
Er du interessert i å vera med, så er det enno nokre ledige plassar. Ta kontakt på mail jens.rasmus.tveit@haugnett.no eller tlf 90783731 (helst sms). Påmeldinga er ikkje bindane før prisen er fastlagt.
Tysnes Bonde- og Småbrukarlag