Padde og blodigle

Publisert av:
15/4/2017 22:00

Denne uheldige padda har fått ein blindpassasjer og snyltar, ei blodigle. Padda som held til ved Søreidstjørna ser nok fram til at blodigla er forsynt og slepper taket. For froskar og padder som vert bitt kan blodtapet verta så stort at dei kan døy av det. For menneske er blodigla heldigvis ikkje farlig. 

I følgje Wikipedia kan blodigla verta heile 30 år. Eit stort måltid er nok for Igla for eit heilt år! 

Blodigla suger seg fast og biter seg gjennom huden, samtidig som den skiller ut eit antikoagulerande stoff. Her kan du lese meir om blodigla. Og her kan du lese meir om padda som også kan bli over 30 år.