På’an igjen

Publisert av:
2/3/2012 21:13

Komikarane Johan Golden og Atle Antonsen i P4-programmet “Misjonen” var i dagens sending nok ein gong innom Tysnesingen.

For to veker sidan kom det ei lita utfordring frå dei, som vel dei fleste har fått med seg. Så dermed blei Tysnesingen kommentert på lufta igjen.

Dei synes eg tok litt godt i om kor mange gonger Tysnesingen har vore nemnt på “Misjonen” før. Eg meinte det var 4 gonger, medan Golden/Antonsen syns det var å ta for hardt i. Vel – det er berre å klikka på linkane til høgre for å sjå kortid eg har kommentert at nettsida har vore på “Misjonen” tidlegare.

Dagens innslag finn du her – gå fram til ca 27.50