På jakt etter påskeegg

Publisert av:
19/3/2013 07:22

Sola varmar, det er vår i lufta, og det er godt å vere ute.
I går hadde ei gruppe frå Vågsmarka Barnehage ein litt ekstra spennande aktivitet i skogen, dei var nemleg på skattejakt! Ekte skattekart hadde dei, og skatten var ikkje noko ringare enn flotte påskeegg!
Dette var ei stor opleving for borna, og ekstra stas når påskeegga dei fann inneheldt litt godt.

Dette kan ei lese om på sidene til Vågsmarka Barnehage.