Publisert av:
24/3/2015 09:47
Ordførarkandidat
Senterpartiet hadde nominasjonsmøte måndag 23. mars.
Nominasjonsnemnda la fram eit forslag med 23 namn.
Møtet (kumulerte) gav Kristin Teigland Gjerstad Kleppe røystetillegg for å visa at ho er Senterpartiet sin ordførarkandidat.
Dei frammøtte gav uttrykk for at dei var godt fornøgde med forslaget frå nemnda, og heile lista vart banka gjennom utan motkandidatar.
Partiet er glad for å kunna presentera ei liste med god representasjon frå heile kommunen og ein sterk ordførarkandidat på topp.
Tekst: Helge Hauge Leiar