Opningsrenn

Publisert av:
18/2/2013 12:02

Søndag var det aller fyrste skirennet i den nye lysløypa i Solheimsdalen.

Vèret var heller dårleg med vekslande snø- og regnbyger, så det vart ikkje den heilt store påmeldinga.Trass véret var innsatsen blant deltagarane på topp.

Onarheim Idrettslag (OIL) melder vidare at det var bra spor trass dårleg føre.
-Og at buljongen var knallgod!

Etter vèrmeldingane å døme, ser det det ut som ein kan satse på fint føre i veka. Det er lys i løypa frå kl 19-21, så OIL vonar folk nyttar høve til ein fin kveldstur.

Resultatliste frå skirennet kjem seinare i veka!