Opning i april

Publisert av:
14/2/2015 06:22

Onsdag møttes banksjef Dag Sandstå og ansvarleg for Kvinnheradavdelinga til banken, Siren Simmones, og huseigar for å signera leigeavtalen. Går alt etter planen vert det offisiell opning 15. april, skriv kvinnheringen.no på sine sider.

Panorama senter er eit nytt senter på Husnes. Det er 18 leiligheter i 2. etasje og foretningslokaler på grunnplanet.

Det som gjenstår før Tysnes Sparebank kan opna er å innreia lokala.

– Vegger skal malast i våre fargar, med ein veldig tydeleg profil. Langs denne korridoren skal ei tidslinje med banken sin 150 år lange historie visast fram. Folk skal kjenna seg igjen med ein gong, om dei kjem inn på kontora våre her eller på Tysnes, seier banksjef Dag Sandstå til Kvinnheringen.no.