Opning av kjøkkenet!

Publisert av:
3/5/2013 09:31

Me kan og med gleda ønskja velkommen vår nye kjøkkensjef Jonas Gustavsson. Våre kjære gjester er velkommen til å prøva ut vår nye meny me kan presentera med stor iver.

Me har i år tatt inn meir lokalmat og kan blant anna skilta med ein sandwhich med heimelaga brød og hjort, nykommeren i fjor fortsetter og, hjorteburger blei fort ein klassiker. Me har og fleire nye deilige heimelaga desserter, deriblant nye smaker med is. Til menyen har me og sjølvsagt mykje god drikka, espresso, smotthies og i tilegg har me fått inn nye gode viner på vinkartet. Alle skal finne noke dei liker her hjå oss!

Sommaren på Mandelhuset vil som alltid gå bra med fint ver og god stemning. Nytt for året er at me utvidar den årlige konserten på «Mor Di» til å bli ein festival som går over to dager. Det blir god variasjon på artistane, samstundes som me held oss til «Mandelhussjangerer». Meir info kjem, men det blir Mandelfestival den 2. og 3. august!. Gled dåke! 

Velkommen til oss, helsing Patrick og den fantastiske gjengen på Mandelhuset!

Nye opningstider for restauranten.

 

Frå 03. Mai: fredag: 1500-2000 Lør-søn: 1300-2000

Frå 10. Juni: Alle dager: 1200 – 2100

Pub ope til 0200 Fredag og laurdag.