Opnar nytt lokale i Våge i dag

Publisert av: Vegard Aslaksen
24/4/2019 10:28

Lars Leknes Auran opnar eige lokale i underetasjen i Svingen Puls sitt bygg i dag. Her vil han tilby samtaleterapi, mindfulness øvelser og “transformational breathwork”, som er verdas mest komplette “breathwork” trening.

Dyktig hjelp i flotte lokaler

Når Tysnesingen er på besøk er Lars heilt i innspurten med å gjera ferdig lokalet til opninga. Han er snart ferdig med tredje året på gestaltterapistudiet ved Gestaltakademiet i Kristiansand, eit fireårig langt samtale terapeut studie. I tillegg til å pendla mellom Tysnes og studiestaden i Kristiansand arbeidar han også deltid som terapeut hos Mestringshusene der han får praktisert faget sitt. Han fortel at gestaltterapi er ein viktig del av behandlingstilbodet ved Mestringshusene. Eg er inspirert av dagens terapiform, og eldre austleg filosofi. Dette ynskjer eg å bringa saman. I lokalet mitt vil ein bli møtt med respekt, dyktig hjelp og få den veiledninga ein måtte trenga, sier Lars, som har hatt ei rekkje forespurnader om behandlingstilbodet allereie.

Lokalet er innreda lyst og triveleg med ein flott fototapet på veggen

 

Om gestaltterapi og breathwork

Lars skriv følgjande om tilboda på facebooksida si. Gestaltterapi er ein terapiform der ein set stort fokus på heile mennesket. Ein er oppteken av kropp, tankar, følelsar og intuisjon, samstundes som ein fokuserar på tida her og no med den sannkjenning at fortida er forbi, og framtida enno ikkje er her. “Breathwork” er eit begrep som omfattar ei rekkje pusteøvelsar som er skapt for å forbedra fysisk, åndeleg og mental helse. Måten du pustar på, påverkar kvar celle og funksjon i kroppen. Om du endrar pusten din, bevisst eller ubevisst, endrar du også systemet og sinnstilstanden din. Det betyr at pusten har ei direkte samanheng med vår fysiske, mentale og emosjonelle helse. Difor kan bedre forståing og erfaring om pusten bidra til mindre stress, bedre helse, meir glede, nærvær og auka prestasjons og yte evne.

Foto: Lars Leknes Auran

 

Tysnesingen ynskjer Lars lukka til med satsinga.

Les meir om tilbodet, kontaktinfo og opningstider på Lars sine facebooksider