Open dag på brannstasjonen

Publisert av:
20/9/2014 15:30

Brannvern har vore i fokus på Uggdal skule denne veka.

Dei har hatt brannøving på skulen, hatt besøk av Brannsjef Torfinn Kongsvik og fått sett han sløkkje ein brann i eit oljefat. Elevane har også trena på dei ulike nødnumra, og på kva ein skal gjere dersom det brenn.

Fredag gjekk elevane til Kjevikjo og åt lunsj, for så å avslutte brannvernveka med eit besøk på brannstasjonen.

Der fekk dei brannhjelm, kjøra brannbil og spyle med  brannslangen.