Open dag

Publisert av:
13/1/2015 15:31

Ølve Montessoriskule er ein privatskule i Ølve i Kvinnherad. Me driv etter ein alternativ pedagogikk, utvikla av Maria Montessori. Skulen har 38 elevar dette skuleåret, men me har plass til fleire. For dei som vil, inviterer me til open dag onsdag 21. januar. Elevar og vaksne er velkomne til ein annleis skuledag. Elevane kan koma frå morgonen (08.15) og vera fram til klokka 12.00. Ein treng ikkje ha med seg niste, då me har smørelunsj på skulen kvar dag. Det vert òg servert mat til dei vaksne. Vaksne som vil vera med, får orientering ved rektor og lærarar. Det vert oppfølgjande informasjonsmøte tysdagen etter. 

Ta kontakt med skulen om det er noko som er uklårt.

Vel møtt! Me ser fram til å helsa på nye folk.

Med helsing

Alle ved Ølve Montessoriskule