Publisert av:
27/11/2011 16:51
Omkom
TV2 Nyhetene melder søndag kveld at mannen omkom etter forliset.
Politiet fekk melding kvart over tre søndag at ein sjark hadde forlist i Langenuen. Det var eit vitne på land som såg det som skjedde og som varsla om forliset. Ferja “Hordaland” var i nærleiken og vart sendt til staden der sjarken gjekk ned. Klokka 15.26 meldte ferja frå om at dei hadde fått mannen opp av sjøen.
Mannen, som var frå Stord, vart tatt til lands på Tysnes-sida og redningsmannskapet jobba for fullt for å redda mannen som hadde kritiske skader, ifølgje P4.
Det var ikkje fleire i båten.
Fleire fartøy og Sea King redningshelikopter var med i søket etter forliset.