Ole Edvard Antonsen til Tysnesfest
17/2/2011 05:00
Ole Edvard Antonsen, født 25. april 1962 i Vang i Hedmark, er ein norsk trompetist, musikar og dirigent. Han har tidligare vore ansatt i Oslo Filharmoniske orkester, men arbeidar no som frilansmusikar og dirigent.
“I forestillinga “Musikalske Landskap” tar Ole Edvard Antonsen med seg publikum på ei reise gjennom ei rekke musikalske stemningsbilde. På sin unike måte viser trompetvirtuosen den store breidda han står for musikalsk, frå dei barokke og klassiske øyeblikk med Bach, Albinoni til dei sterkt rytmiske og stemningsfulle opplevingane i Ole Edvard sine eigne komposisjonar som “Svalbard” og “Vidda” til det meir melankolske, rolege og atmosfæriske.
Ole Edvard knyter det heile saman verbalt på sin lune, personlege og humoristiske måte og hjelper publikum inn i sinnsstemningar der dei kan “sjå” musikken ut frå sin eigen ståstad.
En vesentleg del av konserten vil vera Ole Edvard sine eigne komposisjonar som ligg til grunn for ein CD-innspeling som kjem i 2007 med utelukkande originalmusikk. Mange har sagt at det å høyre Ole Edvard sin musikk, er som å sjå bileta til ein film som enda ikkje er produsert.
“Musikalske Landskap” har blitt utvikla gjennom dei siste 5 åra, og Ole Edvard har spelt “Musikalske Landskap” konsertar med symfoniorkestre og sitt eige “komp” i bl.a. Leipzig, Tokyo, Washington, Bergen, Trondheim og fortsette bl.a. i Wien våren 2007.”
Tysnesfest er veldig stolt av å kunne avslutta Tysnesfest 2011 med tonar frå Ole Edvard Antonsen og co i Kjevikjo.
Det vil kun bli lagt ut 400 enkle billetter for salg, utanom festivalpass. I salg frå 17 februar.