Nytt styre i Tysnes Sp

Publisert av:
3/12/2014 12:44

Leiar: Helge Hauge

Nestleiar: Ole Christian Kjerrgård

Kasserar: Inge Malkenes

Styremedlem: Kristin Kleppe

Styremedlem: Vilhelms Staskevics

Studieleiar: Henrik Aakre

Benthe Bondhus som sit i fylkesutvalet, var gjest frå fylkespartiet. Ho hadde eit engasjert innlegg som førte til eit godt ordskifte. Partiet står samla om E 39 og kryssing av Langenuen ved Hodnanes- Jektevik. Når det gjeld kommunereforma er partiet skeptisk. Robustgjering av kommunesektoren fører til store fagmiljø og sentralisering av tenester. Eit første steg får me gjennom den nye forskrifta om legevakta der følgjene er at Tysnes kan mista legevaktordninga som ein har i dag.

Lokalt er partiet oppteken av at utbygging av omsorgssenteret må koma i gong, men partiet er skeptisk til plasseringa slik dei siste teikningane viste. Bebuarane fortener betre enn dette. Også opprusting av Tysnes skule var eit tema. Kommunen må finna midlar til å få utført nødvendig arbeid innan rimeleg tid.

Helge Hauge