Nytt liv på kaien på Årbakka

Publisert av:
2/7/2009 19:03

Johannes tykkjer det er synd at ein slik flott plass som Årbakkakaien skal stå ubrukt, og vil forsøkja å skapa litt liv i staden igjen. Han vil halda galleriet ope kvar laurdag og søndag i heile juli og augst, kl 13 – 17.

I fyrste omgang stiller Johannes ut eigne måleri, men ynskjer også å stilla ut arbeider av andre kunstnarar. Både keramikk, tre, billedkunst og anna kan vera aktuelt.

Han oppmodar folk om å ta kontakt dersom dei sjølv ynskjer å stilla ut, eller kan tipsa om andre som kan vera aktuelle.

Interesserte kan ta kontakt på e-post: kretschmer.johannes@gmail.com  eller på mobil 99 21 01 47.

For å visa at dette er eit ”folkeleg” tiltak, har han invitert Elias, som berre er 8 år, til å stilla ut sine teikningar saman med han fyrste helga. Elias sine favorittmotiv er hjort og andre skogsdyr. Han brukar gjerne fleire dagar på ei teikning for å perfeksjonera den, og har eit ynskje om å bli kunstnar når han vert stor.