Nye vener
5/8/2009 11:12
Stølsutviklaren hadde lova guida tur for dei niesene som sat i utlandet i påskehelga og ikkje fekk vera med på opninga av 333 Gjerstadstølen.
Sjølvsagt skulle ein gå den gamle stølsvegen frå Gjerstad der oldemor deire gjekk.Kvileplassen var den flate steinen der stølsjentene kvilte,Halvgjengje og Huldastølen vart også kvilestader.Kjeks og andre godsak laut fram så Martine (yngstejenta) kunne koma seg vidare.
På kvilebenken på 333Gjerstadstølen fann ,engelskmannen, Gary Bushby heilt roen.Augo kvilte på Bjødnastølsvatnet.Venelaget 333 Gjerstadstølen hadde fått ein ny ven.
Heimturen gjekk om Dalen,Buldo og Buldastigen slik at det vart ein rundtur.Hildegunn Enes var så nøgd at ho hadde turen veka etterpå med 4 vener som kom med båt frå Askøy.Dei gjekk heilt til Såto med retur via Gjerstadstølen (6t).Venelaget 333 Gjerstadstølen hadde fått 4 nye vener.