Nye artistar
13/2/2018 08:05
Det blir ein hitparade av dei sjeldne når både OnklP & De Fjerne Slektningene OG Oslo Ess kjem til Tysnesfest!
Dei har vore på Tysnesfest kvar for seg tidlegare, men i år står OnklP & De Fjerne Slektningene og Oslo Ess saman på scena i eit av årets mest forrykande musikalske samarbeid, spesiallaga for Tysnesfest!
OnklP sin monsterhit «Styggen på ryggen» er aleine strøyma nesten 20 millioner gonger på Spotify. Pål Tøien, som er hans fulle navn, slo gjennom saman med Jaa9 då dei vann Alarmprisen i 2005. I 2012 medvirka OnklP på Oslo Ess-låten «Fritt fram».
I 2013 starta han saman med nokre av medlemmene i Oslo Ess rap/rockgruppa OnklP & De fjerne slektningene. «Styggen på ryggen» vart årets låt og gruppa årets liveartist på P3 Gull i 2014.
Rockebandet Oslo Ess vart skipa i 2010, og i 2014 var dei første band som gjorde ein konsert på toppen av Tysnessåto. Bandet er mellom anna kjent for låtene «Alt jeg trenger» og «Bislett stadion».
OnklP & De Fjerne Slektningene og Oslo Ess avsluttar kvelden på Gjerstad arena torsdag 12. juli.
Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018:
Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.