Ny utgåve av Sunnhordland Årbok
14/11/2012 10:27
Tema for årboka dette året er byggje- og buskikk i Sunnhordland, med fokus på Sunnhordland Museum sine tun og bygningar. Temaet er ikkje tilfeldig vald – utgjevinga har kome i stand i høve museet sitt 100 års jubileum 2013.
Med denne utgåva av Sunnhordland Årbok ønskjer me å setja fokus på spørsmålet om det finst ein eigen byggeskikk i Sunnhordland, og er Sunnhordland Museum sine tun og bygningar representative for denne byggeskikken? Dette er eit av spørsmåla Tore Lande Moe forsøkjer å finne svar på i hovudartikkelen i boka.
Boka er ein honnør til dei mange som frå 1913 har stått på for å ta vare på og sikra at viktige verdiar ikkje har gått tapt. Museet har difor i denne årboka òg valt å syna historia til bygdetuna og husa i samlingane våre. Dei er del av den opphavlege samlinga, og representerer det som kjendest viktig å ta vare på då museet vart oppretta og i tiåra etter.
Hovudforfattar for årboka 2012 er konservator Tore Lande Moe, som har skrive brorparten av artiklane. Bjørn Arve Lunde er ein annan medarbeidar ved Sunnhordland Museum som har bidrege med både artiklar og dei fleste fotografia i boka.
Museet har elles henta inn andre forfattarar med spesiell kompetanse på sine område. Boka inneheld såleis artiklar av Jakob Gullberg, Anstein Lohndal, Egil Nysæter og Arne R. Tislevoll, i tillegg til Olav Skjellevik og Nils-Kåre Myklebust. Til saman skapar boka gjennom tekst og bilete eit unikt oversyn over byggjeskikk og butilhøve i Sunnhordland gjennom tidene, frå mellomalderen og fram til buskikk på 1900-talet. Redaktør for boka er Knut Rage.
God lesing!