Publisert av: May Britt Meland
19/9/2019 14:22
Ny sentralbordløysing
Tysnes kommune går no over frå fasttelefoni til mobil-løysing på alle telefonane sine. Dette gjeld alle telefonane på rådhuset og på legekontoret melder Tysnes kommune til Tysnesingen.no.
Den nye løysinga vil tre i kraft allereie frå i morgon, 20. september.
Hovudnummeret til sentralbordet på Rådhuset, 53 43 70 00, samt legekontoret, 53 43 70 80, vert ikkje endra.
Telefonlista på Tysnes kommune si heimeside vert oppdatert fortløpande.