Ny Giv!

Publisert av:
24/5/2013 19:19

I februar starta prosjektet Ny Giv i sauehaldet i Hordaland.

Ny Giv har som hovudmål å få fleire lam til slakt. Hordaland Sau og Geit (HSG) står bak prosjektet og gjennomføringa skjer i samarbeid med Fylkesmannen, Nortura, Fatland og fleire landbruksaktørar.

Nærmare 30 personar møtte opp i går og var med på samlinga.
Det vart fagleg påfyll om sauekontrollen, behandling, gjetarhund, uttak av påsettlam og kriterier for innkjøp av nye verar. Det vart også tid til grilling og sosialt samvær!

Det som verkeleg inspirerte dei frammøtte, var å sjå den flotte fjøsen til Jorunn og Per Ingolf. Dei hadde sjølv lagt ned betydeleg eigeninnsats i det flotte bygget.