Publisert av:
17/2/2014 08:57
Ny Giv 18/2 kl 19
Føredragshaldar kjem frå Tveit rekneskap, så dette vert spanande seier leiar i Tysnes Sau og Geit, Oddvar Lunde. Han minnar også om årsmøte på torsdag, i storastova i Lunde, og håpar på godt frammøte. Dersom det er nokon som kan tenkja seg å verta medlem oppmodar han dei til å ta kontakt.
Oddvar Lunde vil også nytta høvet til kome med eit lite hjartesukk: -Me håpar alle har kjøpt seg ullsekker hos Tysnes Sau og Geit, slik at me slepp alle desse små kraftforsekkene, fleire hundre til saman, til Nortura og Fatland. Han tenkjer på dei som skal bera desse sekkene på bilen, og få dei stabla fint. Håpar på minst mogeleg av dei.