Ny bok frå Britt

Publisert av: May Britt Meland
13/4/2026 19:04

Britt Kjellesvik Rage har i mange år kartlagt eldre, lokalt draktmateriale, som ho vidareformidlar gjennom utstillingar, foredrag, blogginnlegg, artiklar og bøker. Ho har også spesialisert seg på dokker i historiske drakter, og har forvandla dette til ei kunstform i seg sjølv.

Ho har tidlegare gitt ut Bringeklutar frå Tysnes og Tidemand i miniatyr.

Nylig kom endå ei bok frå Britt: “Craft your own Viking doll
Her finn ein mønsterark og oppskrift på korleis du sjølv kan lage ei vikingdokke med full garderobe. Boka er ute på verdensmarkedet og selgast gjennom Amazon, og i Vikingbyen i Gudvangen, men kan sjølsagt også kjøpast gjennom Breidablikk Anno på Tysnes.