Noko å sjå fram til

Publisert av:
22/4/2012 16:04

Sokneprest Marit I. Espedalen er òg bidragsytar i konserten.

Til Iran
Sidan seinhaustes i fjor har Espen Selvik dirigert kammerkoret. Han  er ein fargerik og allsidig bergensar, som i tilegg til å vera dirigent er komponist, musikkmeldar i Bergens Tidende, forfattar og kunstnerisk leiar ved Rekstensamlingane. Kammerkoret har lært mykje av han.

Selvik har skrive fem symfoniar, to oratorium og musikk for symfoniorkester og mindre besetningar. Han har dirigert ei rekkje kor, korps og symfoniorkester både i Noreg og i fleire land. I mars i år vart oratoriet hans ”Abraham Oratorio” framført i Grieghallen. Til sommaren skal han til Iran med dette verket og framføra det i Teheran med iranske songarar og musikarar.

Prisvinnar og solist
Til ”Vårkonserten” i Tysnes kyrkje har Selvik med seg ektefellen, pianisten Marina Kan. Det musikalske ekteparet vil utan tvil kasta glans over konserten. Ho er som nemnt pianist i stjerneklassen med ei rekkje fyrsteprisar frå store internasjonale konkurransar i Moskva, Paris, München og Litauen. Ho har hatt konsertar i Italia, Frankrike, Tyskland, Jersey, Litauen, Ukraina og Russland. Den svært dyktige pianisten har dei seinaste åra studert med professor Jiri Hlinka. No studerer ho òg ved Moskva Statlege Tsjaikovskij Musikkonservatorium. I april i år var Kan solist med Bergen Filharmoniske Orkester i Prokofievs 2. Klaverkonsert og fekk etterpå strålande kritikk.

Kammerkoret, som i byrjinga av juni avsluttar sesongen med tur til Litauen, skal framføra mykje av det programmet koret skal bruka under opphaldet i Litauen. Elles kan publikum gle seg til å høyra Camilla Sjøvold spela kornett til tonefylgje frå Marina Kan. Camillia har ein svært vakker tone og klang i instrumentet sitt. Det er med andre ord all grunn til å setja av neste søndagskveld i Tysnes kyrkje.