Nøgd med møte
6/10/2010 18:56
Om lag 70 personar var møtt fram til møtet, og det var mange frå 10-klasse alder og oppover. Det fortel intiativtakar til “Ungdom og tilbakeflytting” Kjetil Hestad til Tysnesingen.
– Det var veldig bra møte med mange meiningar, idéar og tankar kring temaet, seier Hestad.
Det første dei vil følga opp er å få til ein arena for ungdomen å samlast på. Dette vil dei prøva å få til med kafédrift nokre timar før og etter kinoframsyning i Grendatun. Betre bussforbindelsar var også eit viktig moment for 10.klassingar spesielt.
Når det gjaldt det å få unge tysnesingar til å flytta tilbake til Tysnes var det to ting som gjekk igjen; Det må vera gode moglegheiter for å pendla og pendlinga må gå kjapt OG for at ein skal slå seg ned på Tysnes må ein kunna bu slik at ein ser sjøen og ha båtplass.
– No begynner jobben med å følgja opp og ta grep i det som kom fram på møtet, seier Hestad. Han opplyser også at ein vil prøva å få til eit bygdamøte for tysnesingar i Bergen med same tema. Dette vil truleg bli i februar månad.