No kan ein søkje kulturmidlar

Publisert av: May Britt Meland
15/3/2021 21:33

Tysnes kommune melder på sidene sine: tilskot til nærmiljøtiltak, til song- og musikklaga og allmenne kulturmidlar lysast ut med søknadsfrist 28. mars 2021.
Søknadane merkast godt med kva tilskot det søkjast om og sendast til post@tysnes.kommune.no

Tilskot til song- og musikklaga
Tilskotet blir fordelt av song- og musikkrådet til medlemslaga.

Tilskot til nærmiljøtiltak

1. Lag og organisasjonar som driv med nærmiljøtiltak i Tysnes kommune kan søkje om midlar under denne ordninga.

2. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

3. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

4.Det kan både søkjast om tilskot til drift av laga og til særskilte tiltak. Dette kan tildøme vere bygging, merking og vedlikehald av turveier og stiar, rydding av plast og anna boss, bygdesamlingar, fellesmåltid i grendehus, bygging av nærmiljøanlegg som tildøme ballbingar og lekeplassar, vedlikehald og opprusting av ungdomshus og grendehus og andre tiltak i nærmiljøet.

5. Tilskot til kurstilbod og/eller fritidstilbod for barn og unge, eldre, personer med spesielle behov og integrering av personer med annen kulturell bakgrunn vil bli prioritert.

6. Organisasjonar som primært tek seg av medlemer sine yrkes- eller økonomiske interesser, religiøse organisasjonar som i all hovudsak driv forkynning, politiske organisasjonar og organisasjonar som har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak og andre organisasjonar, kan ikkje få tilskot. Religiøse samfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.

7. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad.

Tilskot til allment kulturarbeid

1. Lag og organisasjonar som driv kulturvern og kulturformidling kan søkje om kulturmidlar.

2. Tilskot til lag som har aktivitetar retta mot barn, ungdom og/eller unge vaksne vil bli prioritert. Tiltak for eldre, personer med spesielle behov og aktiviteter for integrering av personer med annen kulturell bakgrunn vil også kunne gje grunnlag for auka tilskot.

3. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

4. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

5. Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement. Det tyder at funksjonshemma som må ha følgje, skal betala vanlege inngangspengar for seg sjølve, men har rett til ein person som fritt følgje.