No kan ein søke om tilskot til trafikktryggingsaktiviteter
25/1/2021 08:57
To gongar i året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar som bidreg til å tryggje trafikk og trafikantar.
Målet med ordninga er å styrkje det førebyggjande og trafikantretta arbeidet med trafikktrygging som skjer lokalt og regionalt i fylket.
Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot.
Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt.
Ein kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.
Tiltaka skal støtte opp om målet for ordninga. Reine fysiske tiltak vil normalt falle utanfor ordninga.
Dette er kriteria for tilskuddsordninga:
- Det blir lagt vekt på trafikkfagleg kvalitet og kor sentralt førebyggande trafikksikringsarbeid står i tiltaket.
- Kor breitt tiltaket når ut vert vurdert opp mot storleiken på søknadssum.
- Trafikktryggingsaktivitetar i kommunar som inngår i Trafikksikker kommune-arbeidet vert prioritert.
- Frivillige organisasjonar som driv med kontinuerleg og regionalt forankra trafikktryggingsarbeid vert prioritert.
- Tilskotet kan nyttast til kostnader som er direkte knytt til gjennomføring av tiltaket.
- Tilskotet kan ikkje nyttast til kostnadar knytt til ordinær drift og administrasjon av søkjar si verksemd.
- Det er mogleg å søkje om midlar til tiltak som blir gjennomført før sak om tildeling er handsama politisk. Tiltaket kan ikkje vere gjennomført før søknad er sendt.
Søknadsfrist no i fyrste omgang er 1. februar 2021. Den neste er 1. september 2021.
Du kan lesa meir på Vestland Fylkeskommune.