NM OSELVAR

Publisert av:
12/8/2013 18:21

Bilete av seierspallen: Fv 2 pl. Frode van der Meeren, Terje van der Meeren og Gro van der Meeren med båten “Ægir” –  1 pl. Helene Holmst Grimstad, Andreas Martin Iversen og Kristian Holst med båten “Hyggen” – 3 pl. Jan M. Hansen, Lars N. grøteide og Jan Vee med båten “Berserk”.

I alt var det 22 oselvarar på fjorden og det vart sigla totalt 7 seilasar. Etter laurdagens 4 seilasar var det svært jevnt i teten men til slutt var det oselvaren “Hyggen” frå Austevoll seilforening som stakk av med gullet.

Tysnesingane hevda seg godt med fleire gode plasseringar. Beste båt frå Siglarlaget Njord Tysnes vart “Berserk” med Jan Vee som rormann. I lag med sine to mannskap vart bronsemedaljen sikra etter tre stødige seilasar på søndag.

Resultatlista er å finna her

Siglarlaget Njord Tysnes vil takka både siglarar, friviljuge og sponsorar for god innsats og støtte.
Dette vart eit svært vellukka Noregsmeisterskap sjølv om gullet gjekk til Austevoll.

Tekst og foto: Vegard Aslaksen