Publisert av: Vegard Aslaksen
1/9/2019 15:56
Naturvernforbundet ynskjer nasjonalpark på Reksteren
Fredag kunne ein både høyra og lesa at Naturvernforbundet ynskjer at Reksteren skal bli nasjonalpark framfor at ein skal byggja fire felts motorveg ifm nye ferjefrie E39. Mellom anna fordi det finst både utryddingstruga artar og temperert regnskog i området. Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet, har sendt brev til Fylkesmannen i Vestland på vegne av organisasjonen.
Høyr innslag om saka frå Morgon med NRK Hordaland her.
Les også saka på NRK Hordaland sine sider her.