Naboordførarar vil over Tysnes

Publisert av:
13/1/2011 21:20

Ordførarane i Austevoll, Os og Stord vil alle ha kyststamvegen med bru over Langenuen, motorveg over Reksteren og vidare over Bjørnefjorden til Halhjem.

Men medan Stord-ordførar Liv Kari Eskeland kun vil tenkja ferjefritt og jobba for bru straks, er Helge Andre Njåstad (Austevoll) og Terje Søviknes (Os) meir open for ei to-trinns løysing som går ut på at ein startar med ferje frå Nord-Reksteren og byggjer bru etterkvart fordi det vil kosta for mykje pengar å ta alt i eitt.

Veg til Reksteren og ferje til Halhjem er rekna til 4,5 milliarder (ferjedrift kjem utanom). Reisetida Leirvik – Bergen vert då 75 minutt. Skal ein ha bru må ein ut med 11,5 milliarder i tillegg. Med bru er reisetida rekna til 50 minutt.

NHO vil framleis ha kyststamvegen over Lukksund og Fusa. Dette alternativet er kostnadsrekna til 9 milliarder.

Det er Sunnhordland som skriv dette i dagens avis.