Mykje folk på Korsfjorden i dag

Publisert av:
5/12/2010 17:18

Korsfjorden har fått seg ei monaleg opprusting sidan i fjor vinter. Det har vore gjort arbeid med gravemaskin for å tetta demninga og løfta vannstanden.

Det er og grave vekk ein del torv inne i sjølve vatnet.

I tillegg er det vorte montert opp ei lysmast, med straum frå eige aggregat, som skal gje lys utover isen på fine kveldar.

Mykje godt dugnadsarbeid er lagt ned av frivillige til glede for alle brukarar av ”Korsen”

Alle foto:Arild Pettersen.