Moster – Njardar/Tysnes

Publisert av:
10/5/2014 06:30

Moster låg kompakt med mange spelarar bak på banen, og så fora dei to raske spissar med lange ballar. Njardar/Tysnes prøvde å spela det spelet dei har øvd i heile år, men av og til gjekk spelet litt mykje på tvers og bakover.

I første omgang hadde Njardar/Tysnes eit overtak, og laget fekk mål på dei fleste sjansane. Moster gav spelarane lite rom, og ut over måla hadde Njardar/Tysnes få sjansar. I andre omgang var det litt jamnare. Spelet til Njardar/Tysnes vart meir oppjaga, og passningane gjekk for ofte til motstandarar. Sjølv om Njardar/Tysnes var det beste laget i begge omgangane, har laget ein del å forbetra til dei neste kampane.

Desse laga måla: Jonas 3, Sindre 1 og Erik 1.

Desse var med: Martin Bakke, Kenneth Dalland, Ørjan Pettersen, Elvis Kalvans, Håkon Knudsen, Erik Enes, Jonas P. Fosså, Johannes Haugsgjerd, Vegard Kleppe, Karl Henrik Helgesen og Sindre Økland

Neste kamp vert mot Stord 3 på Reiso tysdag 13. mai.

Deretter vert det heimekamp mot Fitjar 22. mai.

Tekst og foto: Per Vermedal