Misnøye på Huglo
18/12/2011 21:47
På Huglo er dei lite nøgd med at ferjeavgongen frå Jektevik 15.50 ikkje går direkte til Huglo i det nye ruteframlegget frå 01.01.12.
Dei har skreve eit brev til Skyss, og som også er publisert på huglo.no – les innlegget her før du går vidare!
For tysnesing Rune Hystad kjem her med kommentar til huglarane sitt innspel, som følgjer:
“Kommentar: eg har forståelse for meiningane til dei reisande til og frå Huglo. Men dersom ynskjet de her kjem med vert teke til følgje, vert det til dømes umogeleg for dei arbeidsreisande til og frå Tysnes og rekka å henta born i barnehagen før stengetid kl 1630. Noko eg trur ca. 80% av dei reisande på sambandet ikkje vil synes noko om. Ei anna sak er at skuleelevane frå Tysnes reiser om Huglo om morgonen, er det då rett at dei skal reisa om Huglo på ettermiddagen og? Sjølv om Ferja går via Hodnanes på heimvegen er nok Huglingane heime før dei fleste som reiser til Tysnes fordi reisetida med buss til td. Våge er noko lenger en det tek og køyra over Huglo.”