Publisert av:
16/1/2017 12:25
M/F Folgefonn får nytt ladesystem.
M/F Folgefonn var opprinneleg ei ordinær dieselferge, men er ombygd og har fått installert batteripakke for hybriddrift sidan 2014.
No får den snart montert utstyr for induksjonslading og automatisk vakuumfortøyning.
Induksjonslading foregår mellom ei plate på ferga, og ei bevegeleg plate ute på kaien. Avstanden mellom platene kan vere opptil 50 cm, og likevel ha full effekt.
Vakuumfortøyninga blir plassert mot akterenden, og i kombinasjon med eksisterande fastlåsing i lemmen, slepp ferja å bruke energi for å liggje landfast.
I denne omgang er det berre på Jektevik utstyret blir montert. For at ferga kun skal gå på eletrisk energi, trengst det i framtida lading på ein kai til.