Månadens gjenstand
5/3/2010 14:21
Kvinnene på gardane hadde travle dagar sommarstid. Skulle dei på leiting etter kyr eller til støls for å mjølka, så hadde dei spøtet med seg. Mang ei lubbe eller sokk fekk nok ein del omfar i markjo på dette viset.
Trådnøsta var festa i ein krok – ein spøtekrok – enten i beltet eller oppe på brystet. Dei kunne kunsten vel, så dei trong ikkje ha augo på strikkepinnane der dei trødde av garde. Også når dei gjekk etter vegen, var spøtekroken på plass – det galdt å nytta tida. Det vert såleis fortalt om ei kvinne at ho alltid kom strikkande når ho kom på besøk, men før ho gjekk inn i huset hekta ho spøtekroken av og hengde strikketøyet på ein bestemt kvist på eit tre.
Spøtekroken som er stilt ut i biblioteket vart i si tid laga av Johannes Samsonsen Teigland, og den siste som brukte den var kona hans Berta. Når grannekona Marta P. Teigland kom på besøk, var det vanleg at dei to kvinnene sat med spøtekrok og strikketøy i stova. Lubba og trådnysta er etter Signe Kristine Kjellesvik. Ho strikka svært mykje gjennom heile livet, både gensarar, trøyer og utallege sokkar.
På dei to Gongstø-bruka ute i Skjelleviksundet hadde dei sommars-tid kyrne i fjellet. Til vanleg var det ungjentene på bruka som kvar dag gjekk opp den bratte Setrabrekka for å mjølka. Men av og til var også mødrene deira oppom. Då kunne ein treffa på dei strikkande på eitkvart – og spøtekrokane var på plass.
Det var mange foreningar kringo i bygdene i tidlegare tider. Og dei fleste kvinnene var oftast med i fleire av dei. Så møttest dei til foreningsmøter i heimane – mange hadde lange vegar å gå. Då hadde dei alltid strikketøy – spøt – med seg. Og dei som hugsar dette fortel om kor triveleg det var i stova då – med prat, klirring av strikkepinnar og lyden av stoveklokka.
På biblioteket kan du sjå den gamle spøtekroken og lesa meir om strikking.