Publisert av:
8/9/2011 19:28
Målrike kampar
To av Njardar/Tysnes sine lag spelte samstundes på kvar sine 7ar banar på Reiso torsdag ettermiddag.
På den eine banen var gutar 00 i aksjon mot Kalandseid. Njardar fekk ein kanonstart og leia heile 3-0 etter berre få minutt. Men gjestane frå Kalandseid kom seg over opningssjokket og jobba seg inn att i kampen og reduserte tre gonger. Dermed enda kampen 3-3.
På hi sida spelte jenter 01/02. Dei møtte Smørås. Spelet bølgja fram og tilbake med mange mål i begge endar. Njardar såg ut til å dra i land eitt poeng då det stod 4-4 heilt til slutt, men i siste speleminutt scora Smørås sigersmålet sitt og gjestane vann dermed 5-4.
Her er nokre bilete frå Reiso: