Loppemarked og auksjon

Publisert av: Johnny Helgesen
2/6/2018 16:49

Tysnes Kommune har planar om å selja bygningane til den gamle Hovland bu- og omsorgssenter.
I den forbindelse har dei kontakta diverse lag i Onarheim sokn med tanke på å stå som arrangører av eit loppemarked og ein auksjon av inventar og diverse gjenstandar frå denne. Tysnes kystlag, Tysnes mus’elag og Tveit bygdalag har takka ja til dette.
Denne vil bli avholdt laurdag 9. juni. kl 11 – 16

Auksjonen startar kl 12, og det er muleg å leggja inn forhåndbod på auksjonsgjenstander frå kl 11 – 12.

Her vil det væra eit stort utvalg av møblar, som senger, sofaer, veggseksjonar og kommodar.
Eit stort utvalg av diverse dekketøy, kjøkkenutstyr og redskaper.
Kvitevarer som fryseboks, kjøleskap og mikrobølgeovn. Pyntegjenstandar, lampar og lampettar.
Av gjenstander som kjem på auksjonen kan bl. a. nemnast fleire rosemalte kister, ein vev, to elektrifisering gamle veggur, gamal Radionette combi radio/platespelar, gamal skrivemaskin (utan kulehode og rettetast), gamal reknemaskin, mikroskop med lyskilde, gamalt orgel, samt spesielle kjøkken og porselens gjenstandar.


Me håpar at mange nyttar høvet, og tar turen til Hovland denne laurdagen, er ønsket fra laga som står som arrangørar, og som vil få dela utbytte frå dette arrangementet.

På vegne av arrangører
Lars Mæland