Lokal mat

Publisert av:
11/11/2015 08:30

Anders og Irene har starta drift på Dalland Gard.

Anders kjem frå garden, Irene er komme til gards. Begge er ihuga entusiastar på tradisjonsbunden gardsdrift og lokal matproduksjon.

Framleis er dei i startgropa, men målsetnaden deiras er å tilby kvalitetsmedvitne forbrukarar eit variert og godt utval av lokalprodusert mat.

Så langt har dei klart å produsera ei god mengde poteter, og rikeleg med ved, samt berika garden med eit utval herlege villsauer og geiter. Utan å røpa for mykje vil dei framover utvida sortementet steg for steg, og produsera mat på ein trygg og tradisjonsrik måte.

Dei melder om at dei i år har produsert poteter med aldeles framifrå smak og kvalitet! Dei vert seld rett frå garden, og etter avtale kan deiogså levera dei heime hjå deg! Dei har og mandel og kerrs pink, og leverar i 5kg og 15kg sekkar.

I tillegg har dei fyrsteklasses ved til sals. Bjørk, furu, eller blanda lauvved pakka i 1000 liter og 60 liter sekkar. Også her kan dei tilby utkøyring. Sjå facebooksida deiras for meir informasjon om kva dei driv med, og kva dei kan tilby – facebook.com/dallandgard

Både etablerte og nye kundar er hjarteleg velkomne!

Det vil dukka opp ein gardsbutikk etterkvart. I mellomtida vil salet føregå på eit mindre formalisert vis, noko som har vore uproblematisk så langt. Det er ingen faste opningstider, ei heller faste stengetider. Slå på tråden og avtal, så skal dei nok finna ei løysing.

Dei er også interesserte i attendemeldingar på kva produkt og varer forbrukarane er interessert i – så skal dei ta utfordringa med å prøva å produsera det – dog med eit ørlite atterhald ved særleg spesielle interessar… ;)