LivOGlyst vil styrke lokalsamfunnet
29/7/2020 14:46
Har du lyst å utvikle noko i lokalsamfunnet, men veit ikkje heilt kva det skal vera? Då kan LivOGlyst-programmet frå Vestland fylkeskommune kanskje vere noko for deg?
Programmet er for lag og organisasjonar som ønskjer å utvikle tiltak i bygder og lokalsamfunn som styrker samhald, lokal identitet, næringsliv og bulyst.
Det fyrste året er formålet å kartleggje behov og involvere heile lokalsamfunnet i kva for prosjekt som kan vera aktuelle for akkurat di bygd. Dei neste tre årene skal prosjektet setjas ut i livet. Det følgjer med rettleiing, kurs, pengar og høve til å skapa seg nettverk når ein deltek i programmet.
Det er ønskjeleg at kommunen er ein aktiv støttespelar.
Søknadsfrist for 2021 er sett til 25. oktober 2020.
Det skal vere konferanse i Bergen 29. september, der dei som er interessert i å søkje kan delta.
Les heile saka på Tysnes kommune si heimeside!