Publisert av:
19/12/2010 08:09
Lesarinnlegg
INNSPARING VED NEDLEGGING AV KJØKKENDRIFTA VED HOVLAND BU- OG OMSORGSSENTER
I leiaren i bladet Tysnes 09.10.10 står det m.a. :” Det var i mai i fjor Tysnes kommune vedtok å fjerna felles frukost- og kveldsservering på Hovland. Tysnes kommune skulle spara pengar. Kor mykje dei har spart og korleis reknestykket ser ut, har me ikkje sett noko nøyaktig oversikt over.”
Dette er ikkje rett. Helse- og sosialsjefen la 08.01.10 fram spesifisert oppsett over innsparinga ved nedlegging av kjøkkendrifta utrekna til netto kr. 400.000 på årsbasis.
Einar Aslaksen
Helse- og sosialsjef