LAN i Kråkereiret
13/2/2011 08:53
Me håpar så mange som mogleg kjem, og me vil reklamere meir for dette når det nærmar seg. Det me derimot er avhengig av, er at me får vaksne som kan stille som vakter. Me er opptatt av at arrangementet blir totalt rusfritt, og at det skal vere ein trygg plass å opphalde seg. Derfor vil me prøve å ha 2 vakne vakter kontinuerleg. Vaktene vil sjå slik ut:
Onsdag 02.03:
16.00- 24.00 = 2 vakter
24.00- 08.00 = 2 vakter
Torsdag 03.03:
08.00- 16.00 = 2 vakter
16.00- 24.00 = 2 vakter
24.00- 08.00 = 2 vakter
Fredag 04.04:
08.00- 16.00 = 2 vakter
Me veit at dette er lange vakter, og det er vanskeleg for mange sidan det er midt i veka. Me kan likevel tilby ein liten kompensasjon: 100 kr for ei dagvakt og 200 kr for ei nattevakt. I tillegg står me for mat, drikke og snacks. Det er ikkje så økonomisk lønnsomt, men ein vil gjere lokalsamfunnet ei stor teneste ved å hjelpe oss!
Så dersom nokon vil oppnå evig takknemmelighet og eit par stjerner i boka så ta kontakt:
Facebook: Send melding til Tysnes Ungdomsråd
Mail: Send mail til tysnes.ungdomsraad@yahoo.com
Tlf:
Hanne: 45 28 75 29
Veronika: 91 18 89 57