Laks på rømmen

Publisert av:
7/7/2010 05:27

I samband med legging av 900 meter lang ny inntaksleidning (sjøvatn) til slakteriet Viking Fjord på Sunde, skjedde det 6.juli kl 1805 eit teknisk uhell som medførte at ein ventemerd med slaktelaks i nærleiken vart råka/skada av inntaksleidningen, som medførte at laks rømte.

Uhellet vart omgåande meldt til Fiskeridirektoratet.

Estimert tal på rømt fisk etter er pt om lag 8.800 stk, med ei snittvekt på 5,5 kg.

Det vart omgåande sett i gang gjenfiske med engasjerte lokale fiskarar, samt fiskar frå Gjenfangstgruppa i Hordaland/Sunnhordland. Fyrste garna kom i sjøen om lag kl 1850, totalt e det sett ut ca 200 garn. Forutan innleigde ressursar, er det også engasjert store interne kapasitetar.

Fisken er sjukdomsfri og tal lakselus er godt under tiltaksgrensa!