Kurs i sosiale medier

Publisert av:
16/10/2014 15:31

Er du usikker på kva for ein av dei sosiale mediene du skal nytte for di verksemd? Ynskjer du å vite meir, og å få gode tips til korleis bli meir synleg og korleis du kan auke salet via sosiale medier?

Via sosiale media kan nye og etablerte bedrifter marknadsføre seg effektivt, målretta og kostnadseffektivt. Rett digitalmarknadsføring er avgjerande for stadig fleire. Google er i ferd med å passere TV 2 som Norges største annonsekanal, mens norske bedrifter plasserer annonser på Facebook for ca 1 milliard kroner år. Men på Google og Facebook kan den minste vesle verksemd annonsere meir presist og elegant enn dei store reklamekjøparane. Lær deg korleis du kan få mykje ut av ein 100-lapp! 

På dette kurset vil du mellom anna få ei rekke praktiske tips om korleis du kan bruke Facebook, LinkedIn og Google rett, for å skaffe leads og auke salet.

Espen Grimmert er ein svært erfaren føredragshaldar og rådgjevar. Han har mellom anna erfaring som marknadsdirektør i Eniro og Aftenposten, han har vore sjef for søketenesta Kvasir og har skreve bok om søkemotoroptimalisering. 

No leiar Espen Bergenskontoret til iProspect. iProspect er Norges og verdas leiande Performance marketing byrå med meir enn 2200 tilsette rundt om i verda, 30 i Norge og snart seks i Bergen. Her hjelper dei kundar som Tryg forsikring, Bergens Tidende, Foto Knudsen, Lerøy, King Oscar, NextGenTel, Kverneland Bil etc å lykkes med sosiale media og søk.

Torsdag 23. oktober kjem Espen Grimmert til Stord – flott mulighet til å få med seg gode tips og nyttig kunnskap om sosiale medier! Påmelding på www.atheno.no

Kontakt Torill B. Nøstvåg, prosjektleiar Atheno, tlf 918 41 158 for meir informasjon.