Krafttak mot kreft
3/3/2019 19:00
For tredje gong er Tysnes med på den årlege innsamlinga – Krafttak mot kreft. Resultata har vore fantastiske begge desse åra – og me SKAL klare det i år også.
I år går pengane til kreftformer der få overlever. Blant desse er lungekreft og bukspyttkjertelkreft. Midlene skal brukast til å bidra til at flere overlever, og til gode omsorgstilbud for pasientar og pårørende. Også i år har me fått Alsaker Fjordbruk til å sponse kvar tur til Blåbærhaugen i perioden 11.03. – 17.03.2019 med kr. 100,- pr. person. Så set av denne veka på turar til Blåbærhaugen! Ta med vener/kollegaer – gå for ei god sak og di eiga helse!
Det vert bøsseaksjon søndag 17. mars 2019. Her mangler me bøssebærere så ta kontakt dersom du har anledning (På Onarheim og Tveit har bygdelaga tatt på seg å organisere dette).
Dersom du kan være bøssebærar ta kontak med Rannveig tlf 91307279 eller Astrid 40287928.
Nytt for i år er at det er laga ei digital innsamling på Kreftforeininga si side. Her kan du gje di støtte og evt. legge inn kommentar – f.eks viss nokon har seld frukt, utlodding eller vaflar osv. lenka til denne sida finn du her:
https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2019/5-10700
Vipps nr for Tysnes er 451041 – desse beløpa vil ikkje vise på den digitale sida men blir rekna med i kva Tysnes samlar inn.