Klart for vinterbading
2/11/2021 14:45
Fyrstkomande laurdag er det klart for 3. sesong med vinterbading.
Initiativtakar for vinterbadinga, Christian Nome Lepsøe, ynskjer hjarteleg velkommen til både gamle og nye vinterbadarar, gamle som unge.
Badinga vil foregå den fyrste laurdagen i kvar månad, klokka 12.00 i Våge Hamn. No er det blitt svært fint å bade der, seier Nome Lepsøe. Det er kome badebrygge, stupebrett, badehus til å skifte i og gode trapper for å kome seg på land.
Etter badinga blir det suppesamling på Mandelhuset. Dette er ei veldig koselig og sosial stund. I tillegg til å få servert suppe, får ein snakke med kjende, og ein kan få seg nye bekjente.
Dette er også ei fin tid å starte vinterbadinga, dersom det er ei stund sidan du har vore i sjøen. Det har ikkje blitt så kaldt i sjøen enno.
Når sesongen er over, altså til våren, blir det premier til deltakarane. Det blir premie for den som har deltatt flest ganger, og det blir trekt premier blant alle som har deltatt.